Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Surnadal VGS > Digitale ressursar > IKT og elev-PC

IKT og elev-PC

Skuleeigar har ansvaret for å halde elevar i vidaregåande opplæring med nødvendige trykte og digitale læremiddel. Elevane som skal starte på vg1 ved skulane eigd av Møre og Romsdal fylkeskommune har to val:

1. Ein berbar PC levert frå fylkeskommunen.
Maskina blir utlevert ved skulestart. Du må betale eit beløp tilsvarande utstyrsstipendet frå Lånekassen i tre år (på underkant av 1000 kroner). Første faktura blir sendt ut i november 2017. Du beheld PCen når alle innbetalingane er gjort. Dersom du sluttar som elev tidlegare skal PC-en leverast tilbake

eller

2. Eit eingongstilskott for å halde seg med PC sjølv.

Ordningane gjeld ikkje for elevar som tidlegare har fått PC eller tilskott til kjøp av PC. Valet er bindande for heile skuletida. PC-stipendet frå fylkeskommunen er på 2500 kroner og blir utbetalt i oktober/november.

Du må ha kjøpt ei datamaskin som er klar til bruk til skulestart.

http://ungweb.no/UNGweb/Utdanning/Den-digitale-skulen/PC-ordninga