Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Surnadal VGS > Nyheiter

Skuleval 2007

I samband med årets kommune- og fylkestingval arrangeres det valdebatt tysdag 28.august klokken 09.00 i kantina. Alle elevane ved skulen skal vere tilhørarar.

Les meir

SLIK SØKJER DU UTSTYRSSTIPEND

Er du elev ved VG2 kan du søkje om utstyrsstipend frå Statens lånekasse. Stipendet får du uansett kor mykje foreldra dine tener. Jo raskare du søkjer, jo tidligare får du pengane dine. Søknadsblankett A får du på skulen.
Elever i Vg2 utan ungdomsrett har ikkje rett på utstyrsstipend.
Søkjer du før 15.september, kan du bli med i trekninga av ein iPod eller mobiltelefon.

Les meir

INNTAK TIL SKOLEÅRET 2007/2008

Svarfrist for 1. inntaket var 16. juli. Dersom du har spørsmål til inntaket, kan du nå inntakskontoret i Molde på telefon 71 25 87 75 mellom kl. 10 og 13.
Melding om 2. gongs inntak vil komme ca. 6. august, med svarfrist 9. august.
Skolestart for elevane er måndag 20. august kl. 09:00. Lærarane startar med kursdag onsdag 15. august. (Nytilsette lærarar blir inviterte til eit orienteringsmøte på skolen tysdag 14. august kl. 13:00.)
På grunn av ferieavvikling vil det ikkje vere bemanning på kontoret no før 1. august.

Les meir

BOKLISTER 2007/2008

Alle Vg1-elevar skal ha berbar PC skoleåret 2007/2008. Dette er vedteke av fylkestinget i Møre og Romsdal. For at Vg1-elevane skal kunne skaffe seg ein berbar PC, vil dei i slutten av september få eit PC-stipend.
Vg2-elevane kjem inn under ordninga med gratis læremiddel frå skoleåret 2007/2008. Dette er eit sentralt vedtak som gjeld heile landet. Elevane får eit stipend som skal dekkje læremiddelkostnadane. Stipendet blir utbetalt i slutten av september. Vg2-elevane som går på utdanningsprogram for studiespesialisering, skal bruke dei samme PC-ane som dei hadde siste skoleår.
VKII-elevane kjøper bøker i følgje boklista som før.

Les meir

LEDIGE STILLINGAR VED SURNADAL VIDAREGÅANDE SKOLE

Frå 01.08.07 har skolen ledig:
• 30% stilling for faglærar i transport og logistikk
• 100% undervisningsstilling i tysk og idrett/kroppsøving (derav 18% vikariat i idrett/fotball for 2007/2008) med engelsk som ønskjeleg fag i tillegg
• Om lag 30% undervisningsstilling i kommunikasjonstrening

Les meir

NYTT FRÅ SKOLEBIBLIOTEKET

No kan du låne filmar på DVD også her.
Utvalet er ikkje så stort, men kanskje du kan sjå dei gamle 007-filmane Dr. No og From Russia with Love. ”Gamlingane” meiner at 007-filmane var best med Sean Connery som James Bond, så her ligg det an for ei kosestund. Kjøp cola og potetgull (nei, kva er det eg seier, - eg meiner vatn og gulrot).

Les meir

VALFRITT PROGRAMFAG TOPPIDRETT

Surnadal vidaregåande skole ønsker å vidareføre idrettstilbodet ved skolen i Kunnskapsløftet gjennom å tilby valfritt programfag toppidrett for elevar som går studiespesialisering.

Les meir

Kurs for elevråd og skoleleiinga

Styret i elevrådet og skoleleiinga var samla til felles kurs/møte med representantar frå Elevorganisasjonen før jul. Elevane sitt arbeidsmiljø vart drøfta denne dagen!

Les meir

Yrkesmesse og open skole

Onsdag 17.januar arrangerer Surnadal vidaregåande skole yrkesmesse og open skole. Messa er eit årleg samarbeidsprosjekt mellom næringslivet og skolane.

Les meir

Eksamen for privatistar

Frist for oppmelding til privatisteksamen er 15.januar!

Les meir