Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Surnadal VGS > Nyheiter > AP vinnar av skolevalet på Surnadal vgs

AP vinnar av skolevalet på Surnadal vgs

Med heile 45,8 % av stemmane er Arbeiderpartiet vinnaren av skolevalet på Surnadal vidaregåande skole. 

AP har eit framsteg på 15,7 % samanlikna med kommunestyre- og fylkestingvalet i 2015. 

Størst tilbakesteg har Miljøpartiet De Grønne med - 8,3 %. 

Skolen hadde ei valdeltaking på 88,3 %, noko som er ein oppgang på 5,1 % samanlikna med valet i 2015. 

Skolevalet vart organisert av elevane som har politikk og menneskerettar som programfag på vg3. På bildet ser vi Hanna Svinvik (f.v), Ole Gjøra, Jens Olav Edvardsson Moe, Brit Vetleseter Heggem, Kirsten With Aasgård og Elisa Melkild som passar på at alt går riktig for seg når Aron Telstad Sollid skal levere sin stemme. 

Her er resultata frå skolevalet 2019 på Surnadal vgs: 

Parti Skolevalet 2019 Skolevalet 2015 Endring
AP 45,8 % 30,1 % + 15,7 %
SP 26,4 % 27,8 % - 1,4 %
V 10,9 % 5,1 % + 5,8 %
FrP 9,4 % 11,6 % - 2,2 %
H 3,3 % 5,6 % - 2,3 %
MDG 1,4 % 9,7 % - 8,3 %
SV 1,4 % 3,7 % - 2,3 %
Liberalistene 0,5% - + 0,5 %
Rødt 0,5 % 0,5 % 0,0 %
Uavhengig valliste for Sunnmøre 0,5 % 0,5% 0,0 %
Krf 0,0 % 3,2 % - 3,2 %
Partiet De Kristne 0,0 % 0,9 % - 0,9 %