Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Surnadal VGS > Nyheiter > Informasjon om førebelse retningslinjer for fjernundervisning for elevar og lærarar ved Surnadal vgs

Informasjon om førebelse retningslinjer for fjernundervisning for elevar og lærarar ved Surnadal vgs

Kjernetid er måndag - fredag frå kl 10.00 - 14.00.

Det blir oppretta ei kjernetid for elevar og lærarar. I kjernetida er lærarar tilgjengeleg for elevar, og motsett. Unntak vil nok kome. Lærarar kan krevje «oppmøte» av elevar i samsvar med gjeldande timeplan, men dette må bli varsla seinast 24 timar før. 

Elevar må følgje med på Itslearning . Elevar må gjennomføre oppgåver som blir lagt ut på itslearning. Dette skal vere i samsvar med timeplana. 

Det er viktig å kommunisere med faglærar/kontaktlærar dersom du blir sjuk eller har andre utfordringar i perioden, slik som ved normal skoledrift.

Det blir set opp fristar for innlevering av arbeid og prøvar. Skolereglementet er framleis gjeldande. Det betyr at faglærar og kontaktlærar kan føre merknadar undervegs i perioden.
Det er eleven sin ansvar å følgje opp arbeidet som blir lagt ut.

Manglande vurderingsgrunnlag kan føre til at elevar mistar karakteren i fag til 2. halvår eller standpunkt.