Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Surnadal VGS > Nyheiter > Informasjon om fråværsføring i Koronasituasjonen

Informasjon om fråværsføring i Koronasituasjonen

Desse fylkeskommunale føringane gjeld inntil det eventuelt kjem statlege føringar for fråværsføring i Koronasituasjonen.

Oppdatert informasjon frå Udir om Koronasituasjonen finn de her:
https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/

Fraværsføring frå 13. mars
Regjeringa har vedteke at alle barnehagane og skulane i landet er stengt på grunn av Koronasituasjonen frå 12. mars til 26. mars. Perioden kan bli forlenga.

Frå 13. mars blir det ikkje gjeve undervisning i skulebygningane, men via digitale læringsplattformer. Dette får betydning for fråværsføringa.

Fram til skulane blir gjenopna blir det ikkje ført time- og dagsfråvær. Deltakinga til elevane i nettundervisninga vil bli logga elektronisk. Skulen skal kvar dag ha rutinar for å registrere at elevane er logga på nettundervisning/digitale læringsplattformer. Elevar som ikkje deltek, må følgjast opp av lærar og/eller skuleleiinga.
 
Vi minner om at elevane skal delta aktivt i opplæringa slik at læraren får grunnlag for å vurdere kompetanse. Dette gjeld òg når undervisninga skjer på digitale læringsplattformer. Manglande deltaking kan føre til at lærar ikkje får grunnlag for å setje standpunktkarakter. Sjå forskrift til opplæringslova § 3-3. I forskrifta er det vist til at elevane skal «møta fram og delta aktivt». «Møte fram» tolkar vi som «å delta i undervisninga». Om elevar står i fare for å ikkje få standpunktkarakter fordi lærar manglar vurderingsgrunnlag, skal det sendast varsel til elev. For elevar under 18 år skal det i tillegg sendast varsel til føresette. Skulen skal leggje til rette for at elevane har moglegheit til å rette på forholdet, slik at elevane får moglegheit til å skaffe grunnlag for å setje standpunktkarakter.

Elevar som ikkje kan delta i nettundervisninga på grunn av sjukdom, må levere eigenmelding viss dei er over 18 år. Føresette leverer iegenmelding for elevar under 18 år.

Fråværsføring før 13. mars
Fraværsføring fram til 13. mars følgjer dei vanlege reglane, med unntak av fråvær av helsemessige årsakar. For slikt fråvær vart det 4. mars innført unntak frå kravet om legeattest. Unntaket gjeld ut skuleåret 2019/2020. Dokumentasjonskravet for fråvær av helsemessige grunne vart da endra til:
• egenmelding for elevar over 18 år
• melding frå føresette for elevar under 18 år

Referanser:
Forskrift til opplæringslova §§ 3-3 og 3-7
rundskriv Udir-3-2016 Fråværsgrensea

Elevar som blir innkalla til å delta i arbeid for å dekkje dei kritiske funksjonane i samfunnet
Skulen kan legga til rette for at elevar kan delta i arbeid for å dekkje dei kritiske funksjonane i samfunnet. For elevar som har deltidsarbeid skal arbeidet i utgangspunktet skje utanom ordinær skuletid. Om elevar blir kalla inn i skuletida til å delta i arbeid for å dekkje dei kritiske funksjonane i samfunnet, må dette i forkant avtalast med skulen ved lærar eller skuleleiinga. Skulane kan vere fleksible i forhold til når elevane arbeider, og leggje til rette for at skulearbeid kan gjerast på andre tidspunkt enn i ordinær skuletid. Retningslinjene kan bli endra. Sist oppdatert 17.03.2020.

Meir informasjon om dei kritiske funksjonane i samfunnet:
https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/#kritiskesamfunnsfunksjoner
https://www.ks.no/fagomrader/helse-og-omsorg/informasjon-om-koronaviruset/samfunnets-kritiske-funksjoner/

Tilbod for barn og unge som treng det mest
Pr. no er føringane frå Udir at skulane må gjere ein konkret og individuell vurdering av kva elevar som har eit særskilt omsorgsbehov, og derav har krav på eit tilbod om opplæring som ikkje er nettbasert. Her kjem det meir detaljerte retningslinjer frå Fylkesutdanningssjefen.