Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Surnadal VGS > Nyheiter > NYTT TILBOD I SKOLEKANTINA!

NYTT TILBOD I SKOLEKANTINA!

Skolekantina ved Surnadal vgs har mange freistingar for både elevar og tilsette, og det siste nye er ein flott salatbuffet med variert innhald.

Surnadal vidaregåande skole er deltakar i Møre og Romsdal Fylke sitt kultur- og nettverksprosjekt.

Eit mål for prosjektet er at det skal stimulere elevane til å praktisere eit sunt kosthald, som i neste omgang vil føre til betre helse og livskvalitet.

Skolen og skolekantina prøver å følge opp Sosial- og helsedirektoratet sine retningsliner for skolekantiner, og den nye salatbuffeen er eit nytt steg i dette arbeidet.

Salatbuffeen er innkjøpt av skolen med sponsing frå God Helse- prosjektet i Surnadal kommune og Tine Midtnorge.

I løpet av dei to første vekene som salatbuffeen har vore "i drift", har det vore stor interesse for det nye tilbodet. Svært mange elevar og tilsette kjøper seg ei salatblanding fleire gongar i veka, og vi trur dette er noko som mange set pris på. Det er og ein føresetnad at salaten skal være rimeleg og konkurransedyktig i høve til anna mat og andre salatbuffear i bygda. Med ein hektopris på kr.7,90 trur vi at mange kan nytte seg av tilbodet.

Fleire foto !