Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Surnadal VGS > Nyheiter > Opnar tidlegast 20. april

Opnar tidlegast 20. april

Møre og Romsdal fylkeskommune har bestemt det ikkje er aktuelt å opne dei vidaregåande skolane før tidlegast måndag 20.april. 

Det er lagt opp til at skolane vil halde fram med digital heimeundervisning også veka etter påske. Vi tek eit lite atterhald om at det kan kome nokre justeringar. Regjeringa har varsla informasjon om oppdaterte tiltak i ein pressekonferanse onsdag 8. april. 

Vi oppmoder alle om å følgje med på skolens heimeside og Facebookside for oppdatert informasjon.