Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Surnadal VGS > Nyheiter > SKOLEBIBLIOTEKET

SKOLEBIBLIOTEKET

Skolebiblioteket er plassert sentralt i nybygget, dvs. det er det første ein ser når ein kjem inn hovudinngangen.

Skolen har ikkje skolebibliotekar, så underteikna (kontorleiaren ved skolen) har fått ansvaret for biblioteket. Skolebiblioteket er ope heile skoledagen. I biblioteket er det arbeidsplassar og datamaskinar, skrivar og kopieringsmaskin. Den "stille" lesesalen ligg vegg i vegg.

Bokstammen er på i overkant av 4000 bøker. Alle bøkene er registrert i biblioteksystemet Mikromarc. Hausten 2006 har vi starta med utlån i dette programmet. Kvar elev som blir registrert som lånar, får bibliotekkort i plast som er spesielt for Surnadal vgs. Utlånet forgår frå skranken som er felles for biblioteket og skolekontoret. Det er Ola Inge som for det meste skal drive utlånet.

Alle kontaktlærarane event. norsklærarar er oppfordra til å ta med basisgruppa (klassen) si for orientering i/om skolebiblioteket så raskt som muleg etter skolestart. Dei har tatt imot tilbodet, og mange av elevgruppene har allereie vore til orientering, og fleire har tinga "time". Orienteringsrunden fører også til at mange registrerer seg som lånarar.

Sjølv om biblioteket er heilt ope (ikkje avgrensa av vegger og dør), ser det ut som om vi har mindre svinn av bøker no, enn da skolebiblioteket var plassert i stengt rom med lite opningstid.

Vi håpar at riktig mange blir faste brukarar av skolebiblioteket både som lånarar, lekselesarar og gruppearbeidarar.

Inger Johanne Iversen