Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Surnadal VGS > Nyheiter > Skidag

Skidag

Den årlege skidagen ved Surnadal vidaregåande skole er planlagt til onsdag 15. mars. Oppdal og Nordmarka er dei to alternativa i år.

Etter initiativ frå elevrådet blir det skidag i år og, onsdag 15. mars, viss veret ikkje blir for dårleg. Elevane kan velje mellom 2 alternativ:

Det går buss til Oppdal om Rindal; avgang ca 0810 frå bussplassen nedanfor skolen. Vi er tilbake i Surnadal ca. kl 17. Prisen er kr 340 for billett til buss og alpinbakke.

Nordmarka er det andre alternativet. Det blir sett opp bussar frå skolen; og ned att frå Nordmarka slik at elevane rekk skolebussen heim.