Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Surnadal VGS > Nyheiter > Tiltak ved Surnadal vgs

Tiltak ved Surnadal vgs

Ved inntak av elevar frå måndag 27. april gjeld følgjande tiltak.

Elevane som no får kome tilbake på skulen, er avhengig av verkstader og utstyr for å få gjennomført ei praktisk opplæring som førebuing på læretiden i bedrift. Teoretiske fag skal framleis ha digital undervisning. Nedanfor finn du plana som i grove trekk beskriv den praktiske opplæringa som vil foregå på skulen. 

Soner i yrkesfagbygget
Klassane skal ha tilhald i sine soner i yrkesfagbygget.

Helseklassane (2BU og 2HE) skal ha tilhald på klasserom og fellesareal i underetasjen på yrkesfagbygget. Dei skal nytte hovudinngangen ut og inn av bygget. Elevane skal kun nytte toaletta nede i underetasjen.

Elektro/automasjonselevane (3AU) skal ha tilhald på sine klasserom/verkstad i førsteetasjen i yrkesfagbygget. Dei skal nytte hovudinngangen ut og inn av bygget. Desse elevane skal kun nytte toaletta i førsteetasjen i bygget.

Elevane som går industriteknologi (2IN) skal ha tilhald på TP-verkstaden og på tilstøtande klasserom.

Dei skal nytte inngangen ved verkstadporten inn og ut av bygget. Skal dei inn i fellesareal i yrkesfagbygget er det kun etter avtale med lærar. Dei skal kun nytte toaletta som er knytta til verkstaden og klasserommet.

Personalrom, yrkesfagbygget
Personalrommet på yrkesfagbygget skal kun nyttast av lærarar ved helse- og oppvekstfag.

Øvrige tilsette som har undervisning for yrkesfagklassane ved skolen bruker sine arbeidsrom ved matpausar og øvrige pausar.

Reinhald
Det vil bli utført dagleg reinhald i det arealet som blir nytta til undervisning og i fellesareal.

På toalett og andre kritiske punkt blir det utført reinhald to gong per dag. Det blir satt fram naudsynt materiell og utstyr til elevane for reinhald av eigne pultar og eiga utstyr.

Kantine
Kantine og kantineområde vil vere avstengt for elevane. Det blir eit begrensa tilbod om mat og drikke frå kantina til elevane i yrkesfagbygget. Elevane skal ikkje ha tilhald i kantineområdet, biblioteket eller anna fellesareal på ST-bygget.

Elevar som har særskild undervisning
Elevane skal kun nytte tildelt rom på ST-bygget, eventuelt byggverkstad eller bygghall. 

Kun inngangen i andre etasje (mot vest) skal nyttast inn og ut av bygget.

Bibliotek/administrasjon
Om elevar treng å kontakte bibliotek eller nokon i administrasjonen, må lærar formidle kontakt/gjere avtale for nødvendig treff.

Transport og skoleskyss
Vi oppmodar så mange elevar som mogleg til å komme seg til skolen utan å bruke offentleg transport. Likevel må mange elevar bruke offentleg transport, og då er hovudregelen å halde avstand til andre.

Ved bruk av skoleskyss, bør elevane sitte på annankvar plass i bussen. For eksempel kan det på ein buss med fire sitteplassar per rad, sitte to ungdommar per rad med alternerande sitteplass vindauge/midtgang. Elevane må halde minst ein meter avstand mens dei ventar på bussen.

Elevar må vaske hender når de kjem til skolen og tilbake til heimen.

Vi ønsker elevane velkommen tilbake på skulen!