Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Surnadal VGS > Nyheiter > Vidaregåande skular opnar delvis 27.april

Vidaregåande skular opnar delvis 27.april

27. april blir vidaregåande skular opna for elevar på VG3 som følgjer yrkesfagleg løp i skule og yrkesfagelevar på VG2. 

Føresetnaden er at dette kan gjennomførast på ein smittevernfagleg forsvarleg måte. 1. – 4. trinn i grunnskulen og skulefritidsordninga vil òg bli opna 27. april. Det vil bli laga ein rettleiar og kompetanseopplegg slik at skuleeigar og tilsette får tydelege, konkrete råd om korleis dei skal forhalda seg. Det blir unntak for barn i risikogruppene og for barn som lever saman med familiemedlemmar i risikogruppene, for å minimera risiko for alvorleg sjukdom. Desse vil framleis få fjernundervisning.