Standpunktkarakterar
Sluttvurderinga til elevane i fag er standpunktkarakter. Standpunktkarakteren blir gitt ved avslutninga av opplæringa i fag. §3-19 gir føringar for standpunktkarakterar i orden og åtferd. Elevane i vidaregåande opplæring skal ha standpunktkarakterar når dei avsluttar opplæringa i skole. Standpunktkarakterar er eit enkeltvedtak og kan klagast på etter reglane i kapittel 5 i forskrift til Opplæringslova.
Ola (87) assistent på mekanisk verkstad
To dagar i veka er Ola Polden (87) å finne på mekanisk verkstad på Surnadal vidaregåande skole. Der fungerer han som konsulent og medhjelpar, der målet er å reparere ein gamal Dextamotor i ein traktor. - Vi hadde ikkje klart dette utan hjelp frå Ola, seier Vegard Bredesen som er elev på vg2 industriteknologi.
Til NM i sveising
16 år gamle Kenneth Sørvik og 18 år gamle Tommy Andrè Røkkum er begge elevar på Surnadal vidaregåande skole. Gutane er teke ut til å delta i NM i sveising som arrangeres på Kværner Stord 22.-24.mai. - Dette gler vi oss kjempemykje til, seier dei to dyktige sveisarane.
Feira EM-medaljar
Helga 21.-22.april vart EM i Taekwon-Do arrangert i Slovenia, og to av våre elevar i 1ST2 utmerka seg i meisterskapet. Andrea Einmo Engdal tok gull i lagsparring, og Harald Polden tok bronse i lagmønster. Onsdag vart dei feira med blautkake og saft saman med medelevar, lærarar og rektor.
Hanekamhaug besøkte skolen
Stortingsrepresentant, Mette Hanekamhaug (FrP), var på skolebesøk fredag 13.april. Der fekk ho møte elevane på vg2 og vg3, som alle var samla i skolekantina.
Forfattarbesøk
Tysdag 17.april kjem forfattaren Mariangela J.Cacace til Surnadal vidaregåande skole. Forfattaren har i fleire år satt seg grundig inn i mafiaorganisasjonen "Camorra", som omhandlar organisert kriminalitet. Alle elevane på skulen får anledning til å høyre på Cacace i auditoriet i løpet av tysdag.
4 ledige undervisningsstillingar
Frå 1. august 2012 har Surnadal vidaregåande skole fire ledige undervisningsstillingar for fast tilsetjing. Sjå vedlegget for fullstendig annonsetekst. Søknadsfrist 27. april 2012.
Glade vinnarar av påskequizen
Mariel Dønheim Hovde (bildet), Kristoffer Nordvik og Bjørnar Moen vart av rektor trekt ut som vinnarar av skolebibliotekets påskequiz.
Arkiv