Right menu

oktober 2010
man tir ons tor fre lør søn
        1 2 3
4 5 6 7 8 9 10
11 12 13 14 15 16 17
18 19 20 21 22 23 24
25 26 27 28 29 30 31            
 

banner

/ Forsiden / Om skolen / Rektor si side

Rektor si side

 

Surnadal vidaregåande skole er ein kombinert skole med både yrkesfaglege og studieførebuande tilbod.

Etter 2006 har alle vidaregåande skolar i Noreg tilbod om utdanning i ulike utdanningsprogram som hører med i reformen Kunnskapsløftet. I venstremargen her under Studietilbod kan du sjå omtalen av dei  utdanningsprogramma som vi har ved skolen.

Skolen ønskjer å hjelpe elevane til å ha gode arbeidsvanar og å ha eigne ambisjonar for utdanning og framtidig arbeidsliv. Skolen har i år teke inn omlag 290 elevar, og 60 tilsette skal arbeide ved skolen.

For få år sidan fekk skolen ein del nye lokale med romsleg og lyst bibliotek, vestibyle og nytt, fint auditorium. I andre deler av skolen vart det innreidd nye grupperom. Kantina med kantinekjøkkenet er nyoppussa. I det heile har skolen gode lokale både for elevar og tilsette.

Vel møtt som elev ved Surnadal vidaregåande skole.

Beste helsing

Anders Talgø
rektor