/ Forsiden / Bibliotek
Skolen har ikkje skolebibliotekar, så kontortilsette (Mari Vattøy Solli og Inger Johanne Iversen) har fått ansvaret for biblioteket. Skolebiblioteket er ope heile skoledagen. I biblioteket er det arbeidsplassar og datamaskinar, skrivar og kopieringsmaskin. Den "stille" lesesalen ligg vegg i vegg.
Bokstammen er i underkant av 5000 objekt. Alle bøkene er registrert i biblioteksystemet Bibliofil. Hausten 2007 starta vi med utlån i dette programmet. Kvar elev som blir registrert som lånar, får bibliotekkort i plast som kan nyttas i alle bibliotek i Norge. Om du allerede har eit slikt felles nasjonalt lånekort,så kan du sjølvsagt nytte det i skolebiblioteket. Utlånet forgår frå skranken som er felles for biblioteket og skolekontoret.
Nytt av året er at alle DVDane er plassert i biblioteket,slik at du kan ta ein kikk i fred og ro før du eventuelt bestemmar deg for å låne ein film. Utlånstida er på ei veke.
Alle kontaktlærarane event. norsklærarar er oppfordra til å ta med basisgruppa (klassen) si for orientering i/om skolebiblioteket så raskt som muleg etter skolestart. Dei har tatt imot tilbodet, og mange av elevgruppene har allereie vore til orientering, og fleire har tinga "time". Orienteringsrunden fører også til at mange registrerer seg som lånarar.
Sjølv om biblioteket er heilt ope (ikkje avgrensa av vegger og dør), ser det ut som om vi har mindre svinn av bøker no, enn da skolebiblioteket var plassert i stengt rom med lite opningstid.
Vi håpar at riktig mange blir faste brukarar av skolebiblioteket både som lånarar, lekselesarar og gruppearbeidarar.
Plan for skolebiblioteket
I mål og tiltaksplana for Surnadal vidaregåande skole står det at vi skal utarbeide plan for skolebiblioteket. Den finn du ved å åpne dette vedlegget:
Skolebibliotekets utlånsreglar:
I skolebiblioteket får du eit biblioteklånekort du kan bruke i alle biblioteka i landet. Hos oss får du låne bøker, lydbøker, filmar og anna materiale, og det er gratis. Du får også låne dei lærebøkene skolen låner ut til elevane sine.
På skolebiblioteket kan du få hjelp til å finne informasjon eller litteratur, anten det gjeld skolearbeid eller fritidslesing.
Skolebiblioteket er her for deg!
Skolebiblioteket er opent kl 08.05 – 15.30 måndag – fredag.


