/ Forsiden / Siste nytt / Byggfag på Husasnotra
Gjennom stiftelsen Husasnotra er Jon B. Godal i ferd med å etablere ein lærestad for tradisjonshåndverk. Dette skjer i regi av Geitbåtmuseet som er ein del av Nordmøre museum og i samarbeid med offentleg finansierte håndverksmiljøer i Trøndelag og Oppland.
Og det merkelege ordet husasnotra? Det er funne to ganger i gamle islandske tekster og var truleg betegnelsen på eit verdifullt navigasjonsredskap som kunne vise vegen heim. Noko som peiker mot hus i betydninga stjernebilete. Eller som det er skrevet i prosjektpapira: «Visjonær framtidsretta aktivitet som bygger på tradisjon».
Onsdag var altså VG2 Byggfag på besøk på Husasnotra. Kontaktlærar Johan Almås kan fortelje at dei fekk orientering fra Jon B. Godal om gammeldags byggetradisjon. Han har reist fra Finnmark til Lindesnes og samla stoff om gamle byggetradisjonar. Han er ein kapasitet i sitt fag. Etter orienteringa fekk klassen ei omvisning, og gutane fekk prøve seg med praktiske oppgåver. Gutane fekk og ei innføring i legging av tro for never og torv, og spikking av treplugger til festing av kledning. Klassen fekk undervisning frå næmninga som var til stede, og fekk høyre kva utdanningsløp han har. Det var ein fin tur som ga oss eit innblikk i gamal byggetradisjon frå distriktet i rundt oss.
|
|
|
|
|
|


