Right menu

Informasjon

Surnadal vidaregåande skole 6650 Surnadal
E-post til skolen
Telefon: 71655220
Fax: 71655221
mars 2012
man tir ons tor fre lør søn
      1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30 31
 

banner

/ Forsiden / Siste nytt / Operasjon Dagsverk 2009

Operasjon Dagsverk 2009

Operasjon Dagsverk er elevane sin solidaritetsaksjon, og skolen håper at alle elevane deltek. Dagen for Operasjon Dagsverk ved Surnadal vidaregåande skole er torsdag 29.oktober.

Ni av ti funksjonhemma i det sørlege Afrika får aldri gå på skole. Utan skole får desse ungdommane aldri mulegheita til å forsørgje seg sjølv eller til å bidra i samfunnet. Dette vil unge funksjonshemma i sørlege Afrike gjera noko med!

Gjennom OD-kampanjen 2009 kan ungdom i Noreg hjelpe funksjonshemma i Malawi, Mosambik, Sør-Afrika og Uganda til utdanning og ein deltakande plass i samfunnet.

OD-komiteen oppfordrar alle elevane våre til å delta i solidaritetsaksjonen ved å skaffe seg ein jobb. Det er ikkje absolutt mor som skal skaffe arbeid og betale for arbeidsdagen, og vi trur ikkje det er farleg å spørje det lokale næringslivet. Om du ikkje greier å skaffe deg arbeid sjølv, kan skolekomiteen hjelpe deg.

Dagsverket kostar kr 300,-.

Skolekomiteen for Operasjon Dagsverk ved Surnadal vgs 2009 er Håvard Langli 2ST1 og Magnus Nyheim 2ST2. Komiteen er supplert med hjelp frå kontoret og lærarane.
Vil du vite meir om årets tema, kan du sjå på heimesidene til OD www.od.no