Right menu

oktober 2010
man tir ons tor fre lør søn
        1 2 3
4 5 6 7 8 9 10
11 12 13 14 15 16 17
18 19 20 21 22 23 24
25 26 27 28 29 30 31            
 

banner

/ Forsiden / Elevtenester / Vegen vidare / Studiespesialisering vg1

 

INFORMASJON FOR STUDIESPESIALISERANDE VG1 

Dei elevane som har byrja på vg1 studiespesialiserande, skal alt i vg1 forta ein del val, t.d.val av matematikkvariant og programfag. Dei vala som elevane gjer, kan ha betydning når dei skal søke vidare på høgskolar og universitet. Mange elevar er derfor usikre på kva dei skal velje. Eg har nedanfor skreve opp nokre nettsider der det er lagt ut informasjon som kan gje grunnlag for eit tryggare val. 

I tillegg til denne informasjonen, er sjølvsagt alle elevar velkomne til rådgjevarkontoret får å få ytterlegare informasjon. Eg har ikkje noko fast kontortid, men er tilgjengeleg heile tida dersom eg ikkje har undervisning. Er eg ikkje å treffe på kontoret, kan elevane også vende seg til Mari i resepsjonen for å lage ein avtale. 

Samordna Opptak 

Når elevane startar på vg3, skal dei søke seg vidare til høskoler og universitet innan 15. april. Dei skal da logge seg inn på Samordna Opptak og nytte ein ”samlesøknad” for alle offentlege høskolar og universitet. På nettsida for Samordna Opptak er det også lagt ut ein del informasjon om inntakskrav når det gjeld  fag, poengkrav, antall studieplassar osb. Der finn ein også ein link til Inntaksforskrifta. Det er også lagt ut ein link til Søkerhanboka som gjer mykje viktig informasjon. Eg vil seinare dele ut nokre  papirutgaver av Søkerhåndboka som klassen kan dele på. 

Samordna Opptak:

 http://www.samordnaopptak.no/info/

 Forskrift om opptak til høgare utdanning:

http://www.lovdata.no/for/sf/kd/kd-20070131-0173.html 

Søkerhandboka 2011: http://www.samordnaopptak.no/info/soeking_opptak/soekerhandboka/Sokerhandbok-2011.pdf 

”Vegen til val” 

Surnadal vidaregåande skole har dei siste skoleåra saman med Surnadal ungdomsskole, delteke i ”Karriererettleiingsprosjektet”. Vi har da prøvd å lage ei plan for Yrkes- og utdanningsrådgivningen ved dei to skolene. Også Halsa ungdomsskole og Rindal skole har vore med på delar av prosjektet. Vi håpar derfor at dei elvane som har starta på Surnadal vidaregåande skole skoleåret 2011-2012 har eit betre grunnlag for å ta sine val. 

Vegen fram til høgskole- og universitetsval, er som jeg har nevnt tidlegare noko ein må begynne å reflektere over alt i vg1. For å hjelpe elevane i gang, må alle elevane i vg1 på studiespesialiserande gjennomføre Skoletest. Dette er en interesse- og ferdigheitstest som kan gje elevane hjelp til det endelege valet. Det ligg også liknande testar på internett, t.d. på NAV. 

Skoletest er ein test som skolen har brukt i mange år med godt resultat. Også denne testen ligg på internett, og elevane får tildelt brukarnamn og passord. Testen blir gjennomført tidleg på vg1 under instruksjon av rådgjevar. 

http://www.skoletest.no/ 

Skoletest gir ikkje noko fasitsvar på kva ein elev skal velje, men er ment å vere eit utgangspunkt for ein refleksjon. I løpet av denne refleksjonsprosessen stiller elevane seg mange spørsmål. Rådgjevar er sjølvsagt tilgjengeleg for å svare på mange av desse spørsmåla, men mange elevar søker også på internett. Nedanfor har eg laget ein oversikt over nettsteder som eg meiner er gode: 

http://www.jobbfeber.no/ 

http://utdanning.no/ 

http://www.studievalg.no/index.php?gohome=1 

http://www.velgriktig.no/    ( mest for realfaga ) 

http://www.denvirkeligeverden.no/  ( mest for realfaga ) 

http://www.nito.no/utdanning  ( informasjon om ingeniøryrka ) 

http://okadmstudier.no/  ( utdanning innan økonomi / administrasjon ) 

Ein finn sikkert mange andre nettsider som gjer god informasjon, men det er desse eg brukar mykje! 

Annan informasjon 

Elevane ved skolen detar også ved ein del andre informasjonsarrangement: 

Studieorienteringsdagen i januar / februar 2012 ( for vg1 og vg3 )

Åpen skole i januar 2012 ( for vg1 og vg3 )

Næringslivsdagen ( for vg2 ) 

Eg vil til slutt reklamere for hjemmesida til skolen der vi vil prøve å legge ut ny og oppdatert informasjon om emnet kontinuerlig.