Right menu

november 2010
man tir ons tor fre lør søn
1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15 16 17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28
29 30        
 

banner

/ Forsiden / Bibliotek / SKOLEBIBLIOTEKET

SKOLEBIBLIOTEKET

Skolebiblioteket er plassert sentralt i nybygget, dvs. det er det første ein ser når ein kjem inn hovudinngangen.

Skolen har ikkje skolebibliotekar, så kontortilsette (Mari Vattøy Solli og Inger Johanne Iversen) har fått ansvaret for biblioteket. Skolebiblioteket er ope heile skoledagen. I biblioteket er det arbeidsplassar og datamaskinar, skrivar og kopieringsmaskin. Den "stille" lesesalen ligg vegg i vegg.

Bokstammen er i underkant av 5000 objekt. Alle bøkene er registrert i biblioteksystemet Bibliofil. Hausten 2007 starta vi med utlån i dette programmet. Kvar elev som blir registrert som lånar, får bibliotekkort i plast som kan nyttas i alle bibliotek i Norge. Om du allerede har eit slikt felles nasjonalt lånekort,så kan du sjølvsagt nytte det i skolebiblioteket. Utlånet forgår frå skranken som er felles for biblioteket og skolekontoret.
Nytt av året er at alle DVDane er plassert i biblioteket,slik at du kan ta ein kikk i fred og ro før du eventuelt bestemmar deg for å låne ein film. Utlånstida er på ei veke.

Alle kontaktlærarane event. norsklærarar er oppfordra til å ta med basisgruppa (klassen) si for orientering i/om skolebiblioteket så raskt som muleg etter skolestart. Dei har tatt imot tilbodet, og mange av elevgruppene har allereie vore til orientering, og fleire har tinga "time". Orienteringsrunden fører også til at mange registrerer seg som lånarar.

Sjølv om biblioteket er heilt ope (ikkje avgrensa av vegger og dør), ser det ut som om vi har mindre svinn av bøker no, enn da skolebiblioteket var plassert i stengt rom med lite opningstid.

Vi håpar at riktig mange blir faste brukarar av skolebiblioteket både som lånarar, lekselesarar og gruppearbeidarar.

Plan for skolebiblioteket

I mål og tiltaksplana for Surnadal vidaregåande skole står det at vi skal utarbeide plan for skolebiblioteket. Den finn du ved å åpne dette vedlegget:

Skolebibliotekets utlånsreglar:

I skolebiblioteket får du eit biblioteklånekort du kan bruke i alle biblioteka i landet. Hos oss får du låne bøker, lydbøker, filmar og anna materiale, og det er gratis. Du får også låne dei lærebøkene skolen låner ut til elevane sine.

På skolebiblioteket kan du få hjelp til å finne informasjon eller litteratur, anten det gjeld skolearbeid eller fritidslesing.

Skolebiblioteket er her for deg!

  • Alt materiale du låner på skolebiblioteket, også lærebøkene, er skolen sin eigedom.
  • Det du låner skal innleverast til avtalt tid og i god stand. Det betyr at
  • Du skal ikkje skrive, streke under eller bruke markørtusj i bøkene
  • Bøkene skal ikkje mangle sider, ha vatnskade, vere tilgrisa eller på annan måte ha meir enn normal slitasje
  • Lærebøker: For å hindre forbytting og unødig slitasje bør lærebøkene få på bokbind, og dei skal merkast med namnet ditt.
  • Du er sjølv ansvarleg for alt materiale som blir lånt på lånekortet ditt.
  • Dersom materiale du har lånt går tapt eller blir ødelagt, må det erstattast
  • Etter purringar frå skolebiblioteket, utan reaksjon frå deg, blir det sendt rekning ut frå gjeldande erstatningssatsar.
  • Dersom materialet framleis ikkje blir levert, eller rekninga blir betalt, vil inkasskrav bli vurdert. Inkassokrav fører til store ekstrakostnader for deg.
  • Det er spesielt viktig at du sørgjer for å levere inn alt du har lånt før du sluttar på skolen vår. Det sparer både oss og deg for mykje ekstra arbeid!

Skolebiblioteket er opent kl 08.05 – 15.30 måndag – fredag.

SØK I VÅR BIBLIOTEKBASE HER