Tysdag 23.mars hadde elevane frå 1HS1 som har valt barne- og ungdomsarbeid i prosjekt til fordjuping, besøk frå Bårdshaugen barnehage.
På programmet stod natursti, lunsj med ostesmørbrød, uteleik og måling på eggeglas. Dagen vart avslutta med premieutdeling i auditoriet. Både store og små hadde ein super dag!