/ Forsiden / Siste nytt / Delta i spørjeundersøking - vinn kamera!
Bruken av IKT i skolen og berbare elev-PCar - kartlegging med bruk av spørjeskjema
Bakgrunn
Då fylkestinget vedtok å innføre stipendordningane for lærebøker og elev- PC-ar skoleåret 2007/2008 bad dei om at ordninga med gratis læremiddel vart evaluert. Fylkesutdanningsdirektøren legg opp til ei brei vurdering, jf. orienteringssaka til utdanningsutvalet om IKT i skolen (Ud-33/07).
Pedagogikk og PC-bruk
Ein har sett ned ulike arbeidsgrupper med representasjon frå lærarorganisasjonane, elevorganisasjonen, fagnettverka, skoleleiinga og
utd.avd. Det viktigaste området for vurderinga er innafor området didaktikk/pedagogikk og IKT-bruk. Som eit ledd i evalueringa er det utarbeidd spørjeskjema for skoleleiing, lærarar, elevar og it-ansvarlege. Spørjeskjemaet som vert brukt er bygt på eLearning Nordic 2006, ei undersøking gjennomført både i Finland, Sverige, Danmark og Noreg på oppdrag av departementa i dei respektive landa.
Formålet med spørjeundersøkinga
Målet med undersøkinga er at den skal kunne gi grunnlag for å utvikle den faglege og metodiske praksisen når det gjeld bruken av IKT i skolen. Det er viktig å ha ein langsiktig strategi for å planleggje bruken av IKT i skolen slik at den kan gi meirverdi til opplæringa og vere med å utvikle den digitale kompetansen til både tilsette og elevar.
Fylkesutdanningsdirektøren ber difor om at alle tilsette og elevar svarer på spørjeundersøkinga, berre med eit godt grunnlag kan ein sikre kvaliteten på dei tiltaka ein seinare set i verk.
Fire elektroniske spørjeskjema – eit for skoleleiarar, eit for lærarar, eit for elevar og eit for it-ansvarlege/-personell.
Spørjeskjema er utarbeidd i Questback. For dei som gjennomfører kartlegginga ved å svare på spørjeskjemaet trekk vi ut tre som får eit Canon 400D digitalt speilreflekskamera med 4 GB minnebrikke – det vert trekt ut ein ”vinnar” frå
dei tilsette og to ”vinnarar” frå elevane. Skal du vere med i trekninga må du registrere deg. Når du har svart på spørjeskjemaet får du
difor eit tilbod om å gå til ei registreringsside, der du kan registrere deg med namn og telefonnummer. Det er inga kopling mellom spørjeskjemaet og denne registreringssida slik at du er sikra full anonymitet når du har svart på spørreskjemaet.
Trekninga av ”vinnarane” vil skje i veke 9 innan 29.februar.
I samsvar med dei krava som vert sett til digitale ferdigheitar i skolen, ber vi om at spørjeskjema blir svart på elektronisk. Det viktige ved den typen kartlegging ein har lagt opp til, er at ein svarer på grunn av den vurderinga ein gjer der og då.
Ein har vald å ikkje leggje inn mange kommentarfelt. Med mange respondentar vil det bli vanskeleg å arbeide ut eit godt samandrag av
mange og ulike kommentarar. Ein har difor heller vald å ha ein god og direkte dialog med dei ulike fagmiljøa om ulike utfordringar og
problemstillingar knytt til IKT i skolen.
Kor finn du spørjeskjemaet?
Elevane må logge seg inn på enten Ungweb.no og i Fronter – fellesrommet MRF alle elevar for å kome til spørjeundersøkinga. For dei tilsette vert dei tre lenkene til spørjeundersøkinga lagt ut på Torget Utdanning og Fronter – fellesrommet MRF alle tilsette.
Kor lenge er spørjeskjemaet tilgjengeleg?
Publiseringsdato blir tysdag 5. februar og vi lar skjema vere opne fram til og med fredag 22.februar.


