Right menu

Informasjon

Surnadal vidaregåande skole 6650 Surnadal
E-post til skolen
Telefon: 71655220
Fax: 71655221
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    
 

banner

/ Forsiden / Siste nytt / Grundercamp

Grundercamp

Tysdag 15. og onsdag 16.juni var det Grundercamp for vg1-elevane på Surnadal vidaregåande skole.

Tysdag 15. og onsdag 16.juni var det Grundercamp for vg1-elevane på Surnadal vidaregåande skole. Campen startet med at elevane fekk utdelt oppgåve og delt inn i grupper. Tema og problemstilling var lik for alle gruppene:

Tema: Kortreist mat

Det er planer om å starte opp eit serveringssted i sentrum av Surnadal

Oppgåve: Utarbeid planer for serveringsstedets meny, bruk av råvarer, beliggenhet, byggets utforming og anna innhald/oppleveingar som tilbys.

Tysdag hadde skolen besøk frå fleire bedrifter, og elevane kunne spørje dei til råds undervegs.

Onsdag var kvar gruppe inne til dommararne for å leggje fram sitt prosjekt. Panelet bestod av Liv Dalsegg (Surnadal Sparebank), Maret Heggset (Surnadal Sparebank), Lars Sæther (Surnadal kommune), Ingrid Moen (Surnadal vgs), Helle Hansen Berg (Surnadal vgs) og Eirin Polden (Surnadal vgs).

Etter at alle gruppene hadde lagt fram sine planer for juryen, vart dei tre beste gruppene premiert. 1.premien var 1000 kroner sponset av Surnadal Sparebank. 2.premien var 750 kroner sponset av AMFI Kreativ, og 3.premien var 500,- sponset av Undine.

Den gjevaste premien gjekk til gruppa som hadde ei plan om å byggje ein turistattraksjon på kulturhusplassen. Det skulle vere ei bygning som var forma som ei skje, og skulle da sjølvsagt få namnet ”skeia på Skei”. På toppen av bygninga (som skulle vere høgare enn Kulturhuset), var det tenkt bar og resturant med servering av lokal mat og vatn frå Kårvatn. Og sannsynlegvis ville restauranten få plass i Guinness rekordbok, som verdas største skei (sjå vedlegg)

Juryformann Liv Dalsegg var godt fornøgd med dagen

- Vi er så imponere over alle saman, og vi ser at bygda har ei positiv framtid med slike ungdommar som dere, sa Liv Dalsegg under premieutdelinga.

På vinnarlaget var Tori Thøgersen, John Stenberg, Emil Gausen Øigård, Håkon Karlstad, John Skjølsvoll Gravvold.

Lærarane Per Egil Fiske og Liv Marit Berset var initiativtakere til prosjektet. Dei fortener verkeleg skryt for innsatsen dei har lagt ned desse dagane.