Right menu

Informasjon

Surnadal vidaregåande skole 6650 Surnadal
E-post til skolen
Telefon: 71655220
Fax: 71655221
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    
 

banner

/ Forsiden / Siste nytt / Har du MinID kodane?

Har du MinID kodane?

Når du i juli får tilbod om skoleplass, må du ha MinID kodane for å takke ja til plassen. Desse kodane må du og ha når du skal søkje om stipend og lån frå Lånekassen.

Takke ja til skoleplass

Svar på inntak vil vere klart 9. juli, og svarfristen er 16. juli. Svar på tilbod skal gjevast på www.vigo.no og du må bruke PIN-kodar til MinID for å gå inn og svare. Dersom du har mista kodane dine må du kontakte Skatteetaten. Ein må huske at PIN-kodar
til MinID blir sendt til den folkeregistrerte adressa, og det kan ta nokre dagar før ein får desse i posten. Dersom ein har gløymd passordet sitt må ein kontakte MinID. Informasjon om korleis ein får nye PIN-kodar frå Skatteetaten eller nytt passord frå MinID
ligg på www.vilbli.no. Dersom ein ikkje går inn og svarar på tilbod om skoleplass eller ventelisteplass innan fristen mister ein tilbodet og har ikkje krav på å få eit nytt.
Søkjarane kan allereie no gå inn på vigo.no og legge inn førehandssvar dersom dei veit at
dei er bortreist på ferie og ikkje vil ha tilgang på Internett når svaret om inntak kjem. Dersom ein legg inn førehandssvar treng ein ikkje svare innan svarfristen, men kan gå inn og sjå kvar ein har fått tilbod om plass, samt dato og tidspunkt for oppmøte ved skolen når
ein kjem heim att frå ferie.

Stipend og lån

Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, same kor mykje foreldra tener. Hugs at du må søkje for å få stipendet. Du kan og ha krav på grunnstipend og borteboarstipend. I tillegg kan du søkje om lån.

Når kan eg søkje?

Du må takke ja til skoleplass før du kan søkje om stipend og/eller lån. Du kan ikkje søkje dersom du står på ventelisteplass, du må vente til du har takka endeleg ja til ein skoleplass.

Kvar kan eg søkje?

· Du kan logge inn på vigo.no og søkje derifrå når du seier ja takk til skoleplass. Du loggar inn med MinID.

· Du kan søkje frå lanekassen.no. Du loggar inn med MinID.

Korleis får eg pengane?

1. Du sjekkar resultatet av søknaden på Dine siderlanekassen.no. Logg inn med MinID.

2. Når søknaden er behandla, kjem svaret (stipendmeldinga) til skolen. Hent brevet der når skolen startar til hausten. Ingen får utbetalt pengar før skolen har starta.

3. For å få pengane til kontoen din må du skrive under på brevet (stipendmeldinga) og sende det tilbake til Lånekassen. Er du under 18 år, må også ein av foreldra dine skrive under.