/ Forsiden / Siste nytt / Hospitering
Dei som vil hospitere hos oss, vel seg ut eit utdanningsprogram og deltek i ein klasse i to skoledagar (elevar frå nabokommunane) eller ein dag (surndalingane). I tillegg får dei ei orientering om og omvising på skolen, og eit møte med rådgjevar med orientering om vidaregåande opplæring og vegar vidare.
I tillegg til at dei gjennom ordninga skal få eit innblikk i vidaregåande opplæring, ønskjer vi sjølvsagt også å presentere skolen vår på ein positiv måte, slik at elevane vel oss og kjem att til hausten. Vi har alt gjort unna besøka frå Halsa kommune, rindalingane blir ferdig rett etter jul, deretter er det 10.-klassingane frå Surnadal ungdomsskule sin tur.
I tillegg til presentasjon av vidaregåande skole gjennom hospiteringsordninga, blir det som ein del av studie- og yrkesorienteringa arrangert open skule for 10.klassingane i dei nemnte kommunane i slutten av januar (dato ikkje klar enno).


