/ Forsiden / Siste nytt / Hospitering
10. klassingane ved ungdomsskolane i Halsa, Rindal og Surnadal, går inn ei spanande tid. Dei skal gjere viktige og for mange, vanskelege val når det gjeld vidare skolegang.
Tidlegare i haust hadde vi i samarbeid med Surnadal ungdomsskole eit foreldremøte på skolen den 24. oktober der vi presenterte tilbodet ved Surnadal vidaregåande skole.
I desse dagar har vi besøk av 10.klassingane i Halsa, Rindal og Surnadal. Dei er på skolen på hospitering. Dei har da valt eit utdanningsprogram og deltek i ein vanleg klasse slik at dei skal få eit innblikk i skolekvardagen og faga.
I slutten av januar 2012, vil vi arrangere åpen skole ved Surnadal vidaregåande skole. Da kjem elevane på eit nytt besøk, men denne gongen skal dei få orientering om to ulike utdanningsprogram. På denne dagen vil skolen også invitere ulike bedrifte som har tilnytting til dei ulike utdanningsprogramma. Vi håpar da at elevane skal sjå samanhengen mellom skolegangen og kva for yrke dei kan velje i dei tre kommunane.
Eg vil også nemne at den 24. november vil 10.klassingane delta på ein næringslivsdag i Surnadal kulturhus. På denne dagen vil dei få presentert næringslivet i dei tre kommunane. Også elevane på vg2 ved Surnadal vidaregåande skole deltek på denne dagen.
Surnadal vidaregåande skole håpar 10. klassingane i Halsa, Rindal og Surnadal kommunar får eit godt innblikk i vidaregåande opplæring og ønskje dei til lykke med vala!
Odd Ragnar Svendsen, rådgjevar.
|
|
|
|
|
|
|
|


