Publisert 13. januar 2011 10:23:38 av Mari Vattøy
Meldingar om influensaliknande sjukdom har auka kraftig etter jule- og nyttårshelga, og det er no fleire influensautbrudd i store deler av landet. Handhygiene er difor veldig viktig for å unngå smitte.
I prøver frå pasientar er det fortsatt influensavirus type B som dominerer, men i omtrent ein femtedel av prøvane er det funne influensavirus A(H1N1) 2009 – ”svineinfluensa”. Vi minner om råda frå Folkehelseinstituttet:
- Med papirlommetørkle framfor munn og nase skjemar du andre når du nys eller hostar. Kast lommetørkleet etterpå. Vask så hendene.
- Bruk albogekroken når du må hoste eller nyse og ikkje har papirlommetørkle for handa.
- Vask hendene ofte og grundig, særleg når du har vore ute blant folk.
-
Handdesinfeksjon med middel som inneheld alkohol er eit godt alternativ når du ikkje har tilgang til vask. Kan med fordel nyttas før måltid, etter fysisk kontakt med andre mennesker osv.
Du finn dispenser for handdesinfeksjon fleire steder på skolen.