/ Forsiden / Siste nytt / Informasjon om PC-stipend og lærebøker
Berbar PC skal brukast i opplæringa ved dei vidaregåande skolane, og ein føreset at elevane held seg med PC sjølv. Det blir difor utbetalt eit PC-stipend til første års elevar med kr. 3200 til Vg1-elevar på dei studiespesialiserande programma (inkl. musikk,dans, drama og idrettsfag) og kr 3900 til Vg1-elevar på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Fylket sørgjer for at elevane har fri tilgang til aktuelle lærestader på Internett. Stipendet vil bli utbetalt frå 1. september. Dersom ein sluttar før 1. novenmber vil ein krevje stipendet tilbakebetalt.
Dei elevane som fikk PC-stipend i fjor vil bli kravd for 820 kr. for bruk av berbar PC etter dei reglane som er fastsett i forskrift til opplæringslova.
For at ein skal ha glede av ein berbar PC til opplæringsformål må ein ved kjøp særleg vurdere:
- batterikapasitet, batterisparing (bruk av berbar PC føreset at ein slepp å vere avhengig av veggkontakt heile tida for at PC-en skal ha straum)
- vekt (du skal kunne transportere den saman med lærebøker og anna materiell)
- robust (den må tåle å bli transportert i sekk, veske).
- trådlaus kommunikasjon (utstyrt med kort for dei vanlege kommunikasjonsstandardane)
- service og garanti (reparasjonstid, erstatnings-PC i reparasjonstida, serviceavtale)
Elles kan ein kontakte skolen ein er teken inn ved for eventuelt å få tips og råd.
Vg2- og Vg3-elevane er omfatta av ordninga med gratis læremiddel og vil få lånt nødvendige lærebøker av skolen. På grunn av at kontrakt med lærebokleverandør ikkje vil bli inngått før i august er det lite sannsynleg at skolane vil ha lærebøker til utlån ved skolestart. Ein må rekne med at lærebøkene som elevane skal få låne ikkje vil vere på plass før midten av september.
(01.07.2008)
...


