Publisert 29. august 2007 09:24:53 av Mari Vattøy
Onsdag 5.september kjem barne- og likestillingsminister Karita Bekkemellem (AP) på besøk til Surnadal vidaregåande skole.
I samband med årets kommune og fylkestingval kjem Arbeiderpartiets Karita Bekkemellem til skolen onsdag 5.september. Ho er venta ca. 10.45, og skal vere her til ca.12.15. Programmet for besøket er slik:
- 10.45 - 11.05: Rektor Anders Talgø skal halde ei orientering.
- 11.05 - 11.30: Lunsj i kantina saman med elevane.
- 11.30 - 12.15: Karita skal inn i ein samfunnsfagklasse der temaet vil vere "Korleis få ferdig utdannede tilbake til bygda"?