Right menu

Informasjon

Surnadal vidaregåande skole 6650 Surnadal
E-post til skolen
Telefon: 71655220
Fax: 71655221
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    
 

banner

/ Forsiden / Siste nytt / Konsert for alle

Konsert for alle

Fredag 7.mars kl. 10.00 skal alle elevar og lærarar få oppleve konserten Malika Makouf Rasmussens reise (Rikskonsertane) i Storstuå på Surnadal kulturhus.

Konserten varer i omlag 40 min, og er ein del av den "kulturelle skolesekken" frå Møre og Romsdal fylke.
Litt om konserten
Kven vil vel ikkje sitte på ein kul kafé med hipp musikk, dempa lys og avslappa stemning av og til? Der man kan slå av ein prat eller bare sjå på folk uten å seie noko, eller lese ein bok? Eller kanskje drøyme seg til ein varm stad der ingen kjenner deg? Malika Makouf Rasmussen kjem både frå Noreg og frå ein varmt stad langt borte, og ho tek deg gjerne med dit, på en drøymetur i vaken tilstand. Malika si historie vert fortalt gjennom musikk, bilete og dans, og gir deg ei unik oppleving der både auga, tankane og øyrene vert dregen inn i Malika sitt univers, fjernt frå stress og dagleg mas... Denne konserten er musikalsk tigerbalsam for dei rastlause og varm massasje for hjartet... Her kan både lærerar og elevar leggje stresset igjen i klasserommet og unne seg 40 minutt utan mas!

Medverkande
Malika Makouf Rasmussen - Gimbre, bass
Mounira Yagoubi - dansar
Luis Landa-Schreitt - Cajon, perkusjon
Tommy Berre - Gitar