Publisert 08. januar 2007 12:51:49 av Hogne Humberset
Styret i elevrådet og skoleleiinga var samla til felles kurs/møte med representantar frå Elevorganisasjonen før jul. Elevane sitt arbeidsmiljø vart drøfta denne dagen!
Dagen vart organisert med kurs for styrerepresentantane i elevrådet, der dei førebudde seg på møte med skoleleiinga.
Møtet med skoleleiinga tok utgangspunkt i viktige saker i samband med elevane sitt arbeidsmiljø. Nokre av sakene var:
- Elevsamtalane, der det var klare forventningar om at elevane fekk konkrete tilbakemeldingar om status i einskilde fag.
- Regulerbare stolar og pultar.
- Bærbare PC-ar og bruk av desse på prøvar, samt innkjøpsordninga generelt.
- Mobbing, hærverk og plaging.
- Variasjon i opplæringa og tilpassa opplæring, korleis alle partar i skolesamfunnet kan bidra til dette.
- Faste møter mellom elevrådet og skoleleiinga.