/ Forsiden / Siste nytt / Livlig valdebatt
Ei fullsatt kantine og auditorium fekk høyre partirepresentantane prate mest om lokale ungdomssaker på skoledebatten. Elevane fekk også stille spørsmål til panelet. Som vanleg i politiske diskusjonar var temperaturen tidvis høg, noko som tilhørarane ganske sikkert satte pris på. Tilbakemeldingane frå salen veksla mellom engasjerande applaus til litt meir høfleg, slapp klapping. Måndag 3.september går elevane til valurnane på skolen. Da får vi kanskje ein pekepinn på korleis parti som kan titulere seg som vinnaren av årets valkamp.


