Right menu

Informasjon

Surnadal vidaregåande skole 6650 Surnadal
E-post til skolen
Telefon: 71655220
Fax: 71655221
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    
 

banner

/ Forsiden / Siste nytt / NYTT FRÅ SKOLEBIBLIOTEKET

NYTT FRÅ SKOLEBIBLIOTEKET

No kan du låne filmar på DVD også her.

Utvalet er ikkje så stort, men kanskje du kan sjå dei gamle 007-filmane Dr. No og From Russia with Love. ”Gamlingane” meiner at 007-filmane var best med Sean Connery som James Bond, så her ligg det an for ei kosestund. Kjøp cola og potetgull (nei, kva er det eg seier, - eg meiner vatn og gulrot).

Andre filmar:

Gymnaslærer Pedersen (med Ane Dahl Torp og Kristoffer Joner etter boka til Dag Solstad)

Den brysomme mannen (norsk film med terningkast 6 i Filmmagasinet og Spirit)

Reprise (om denne filmen seier Aksel Hennie "Den beste norske filmen jeg noen gang har sett." Komedie.)

Slipp Jimmy fri (Norsk, svart komedie. Animasjonsfilm. Terningkast 6 i bl.a. Dagbladet)

The Door in the Floor (med Jeff Bridges og Kim Basinger, basert på John Irvings bestseljar Enke for et år)

The Valachi Papers (med Charles Bronson, amerikansk mafia)

Stolthet & Fordom (basert på roman av Jane Austen)

Døde spor. Agatha Christie-krim.

Human Trafficking ("Every day young girls are bought and sold")

Fritt vilt (Ein vennegjeng dreg på snowboardtur i Jotunheim. Der skjer det ting.)

Litt ny ungdomslitteratur bl.a.

Luna. Dette er ein roman om transkjønn, søskenkjærleik og lojalitet og vårt møte med Luna og hans/hennar kamp for å leva det livet som er det einaste sanne.

Jorden rundt på åtte noveller. 8 unge, norske forfattarar fer ut i verda gjennom åtte noveller. Her finn du historier om oppdagarlyst og utferdstrang, om naivitet, om å ville sjå, oppleve og utforske. Handlar om bl.a. backpackarlivet, ferieflørt, interrail.

Sandor Slash Ida. Denne romanen fekk ein pris for beste barne- og ungdomsbok i 2001, der juryen bl.a. seier "Anonymitet på nettet er det miljøet som gjør det mulig for Sandor og Ida å møtes…" Stikkord elles er "hun er pen og populær, han er en nobody. Hun bor midt i Stockholm, han bor i et høl utenfor Gøteborg, hun går på byen med venner, han bruker tida si på dans, hun kalles for bimbo, han for homse, Hun heter Ida, Han heter Sandor".

Kebabnorsk. Dersom du ønskjer å vite meir om sjargongen i det etnisk blanda Oslo; såkalla "kebabnorsk", finn du ord og uttrykk som er bruka i friminutta på skolen, på fritidsklubbar og gatehjørne i denne "ordboka".

Palestina – Midtøsten –konflikten er vel alltid aktuelt tema.

Albert Hourani: De arabiske folks historie

Omar Nasiri: Mitt liv med Al-Qaida

Joe Sacco: Palestina

Sidsel Wold: Checkpoint. Ei beretning frå Midtøsten

Barnepsykologi:

Stein Erik Ulvund: Forstå barnet ditt. Dette er ein serie på 4, delt etter alderen til barnet.

Kjønn og religion. Jeanette Sky, religionshistorikar og førsteaman. i religionsvitenskap ved NTNU, indtroduserer i denne boka generelle kjønnsteoretiske perspektiv samtidg som ho viser kva relevans dei kan ha for religionshistoria.

Og elles forskjellig anna skjønn- og faglitteratur.

Nyheitene våre blir som vanleg "stilt ut" bakerst i biblioteket ei tid før dei blir sett i hyllene.

I tillegg til ski og after ski, er vel påska tida for ei god og spanande kriminalbok. Kom og lån!

Helsing Inger Johanne