/ Forsiden / Siste nytt / Prosjekt lysthus
Byggfag ved Surnadal vidaregåande skole har arbeidd med å prosjektere eit lysthus ved aldersheimen i Stangvik. I januar besøkte elevane aldersheimen for å få ei orientering om kva ønsker og planer dei hadde for lysthuset.
I etterkant av møtet har Vg1 bygg-og anleggsteknikk arbeidd i fire grupper med å prosjektere kvart sitt prosjekt. No er de ferdige med sine prosjekter, og dei har nok ein gong besøkt Stangvik aldersheim. Denne gongen for å presentere det dei har arbeidd med.
Etter framvisinga av prosjektet svarte elevane på spørsmål både fra tilsette og bebuarane ved aldersheimen. I tillegg viste dei fram eit par av prosjekta via eit tredimensjonalt teikneprogram.


