Referat frå elevrådsmøte
Publisert 20. november 2007 14:03:34 av Mari Vattøy
Tysdag 20.november var det elevrådsmøte i auditoriet. Her kan du lese referatet. Karen Kaupang (bildet) er leiar i elevrådet.
- Leiaren starta møtet med å velja ut ein komité for å laga basar og bokloppemarked den 4. desember for å sende dei gamle pultane og stolane våre til Afrika. Komitéen skal vera på fire personar. Det vart vedteke at denne skal bestå av Antonie, Ingvild, May Janne og Christina. Det vart vedteke at nestleiaren ordnar med underhaldning. Basarbokskrivarar blir bestemte av basarkomitéen.
- 1BA1, 1TP1 og 2BU1 manglar stolar, pultar og klokke.
- Det er eit problem at lærarane sjeldan gjev ut møteinnkallingane til tillitsvalde til rett tid. Her krever vi skjerping!
- Skulegenserhefta har vorte utgjevne og skal diskuterast ved seinare anledning.
- Vi var einige om å bruke elevrådspengane til å kjøpe nye posthyller, men skolen sa seg villig til å sponse dette for oss. De blir ståande i bibliotekområdet. Kvar klasse få si eiga hylle som må sjekkast ofte (helst kvar dag).
- Karen, elevrådsleiar-