/ Forsiden / Siste nytt / Skidag
Vi har teke utgangspunkt i at det skal vere gratis for elevane å gjennomføre ein skidag, men at dei som ønskjer det får høve til å reise til Oppdal ved å betale for dette. Dette har etter kvart vorte ein tradisjon, som elevrådet ved skolen ønskjer å følgje.
Nordmarka skisenter:
• Avreise frå bussplassen kl. 09.00, retur frå Nordmarka skisenter kl. 14.10. Gratis. (1.undervisningstime fell bort på skidagen.)
• Ta med mat, grillmat, drikke, gode klede, sitteunderlag, ski eller akebrett.
• Bindande påmelding innan tysdag 29.mars.
Oppdal skisenter:
• Avreise med buss frå bussplassen ved skolen kl. 08.00, retur til Surnadal om lag kl. 18.00. Bussane køyrer om Rindal (ein om sentrum).
• Elevpris kr.400,- . Dette inkluderer bussreise, heiskort og keycard (Vi får låne keycard gratis). Keycard må hentast og samlast inn/leverast samla før avreise frå Oppdal. Elevar som mister keycard må erstatte dette.
• Elevar som har sesongkort på Oppdal, betalar bussprisen på kr. 210,-.
• Bindande påmelding innan tysdag 29.mars. Betaling innan onsdag 30.mars. Kontaktlærane gjennomfører påmeldinga og innkrevjing av pengar (til IJI/Mari).
På begge alternativa vil det vere med fleire lærarar.


