Right menu

Informasjon

Surnadal vidaregåande skole 6650 Surnadal
E-post til skolen
Telefon: 71655220
Fax: 71655221
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    
 

banner

/ Forsiden / Siste nytt / Søk om utstyrsstipend – alle med ungdomsrett får!

Søk om utstyrsstipend – alle med ungdomsrett får!

Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, same kor mykje foreldra tener. Hugs at du må søkje for å få stipendet.

Når kan eg søkje?

Du må takke ja til skoleplass før du kan søkje om stipend og/eller lån. Du kan ikkje søkje dersom du står på ventelisteplass, du må vente til du har takka endeleg ja til ein skoleplass. 

Kvar kan eg søkje?

  • Du kan logge inn på vigo.no og søkje derifrå når du seier ja takk til skoleplass.
  • Du kan søkje frå lanekassen.no.  

Korleis får eg pengane?

  1. Du logger inn og sjekkar resultatet av søknaden på Dine siderlanekassen.no.
  2. Når søknaden er behandla, kjem stipendmeldinga/gjeldsbrevet til skolen din. Hent brevet der når skolen startar til hausten. Ingen får utbetalt pengar før skolen har starta.
  3. For å få pengane til kontoen din må du skrive under på brevet (stipendmeldinga/gjeldsbrevet) og sende det tilbake til Lånekassen. Er du under 18 år, må også ein av foreldra dine skrive under.

Les meir på lanekassen.no og sjekk ut Lånekassen på Facebook.