/ Forsiden / Siste nytt / Studie og yrkesorientering våren 2008
Rådgjevar er sjølvsagt tilgjengeleg for råd, men ein kan og snakke med faglærarane eller kontaktlæraren sin om dette. Om eg ikkje er å treffe når du kjem eller er oppteken med noko, finn vi heilt sikkert eit nytt tidspunkt vi kan møtast. Vis derfor interesse for framtida di og ta kontakt !
Også denne våren vil vi ha ulike tilbod som skal hjelpe deg å ta ei avgjerd. Nedanfor vil eg lage ei oversikt over desse:
31. januar: Yrkesmesse
Yrkesmessa er eigentleg eit tilbod for elevane på ungdomsskulen, men også
elevar på vidaregåande vil ha høve til å nytte tilbodet. Denne dagen vil dei
ulike utdanningsprogramma presentere seg, men ein vil også prøve å knytte
desse opp mot ulike yrke. Vi vil derfor invitere ulike bedrifte til å presentere
seg. Når vi endeleg veit kven som kjem og kven som skal delta, vil vi opplyse
om dette.
31. januar – 1. februar: Utdanning og Yrke 2008
Dette er ei større messe som mellom anna arrangerast i Trondheim. Skulen har
ikkje noko opplegg i samband med denne messa.
Du kan lese meir om messa på: http://www.uymessene.no/
6. februar: Studie- og yrkesorientering
Denne dagen er det eigentleg dei som skal søke seg til høgskular og universitet
som skal delta på, men vi lar også elevar på vg1 studiespesialiserande delta.
Også nokre enkeltelevar som har interesse av t.d. forsvaret og sjukepleiarutdanning, kan delta.
Det endelege progarmmet for dagen kom i dag 15.01.08, og så snart eg har laga
den lokale varianten vil eg legge dette ut på heimesida.
Det har dei siste åra kome mange testar og samlesider som gjev god informasjon.
Testar: Skulen har m.a. ein lisens på ein test som er ein interesse og ferdigheitstest for
m.a. ungdomsskulen og videregåande skule. Vi har god erfaring med denne
testen, men du treng brukarnavn og passord for å logge deg på. Dette kan du få
hos rådgjevar. (http://www.skoletest.no ).
NAV har også ein test som mange nyttar, og linken til denne testen er:
Gode samlesider: Det er mange samlesider som gjev informasjon om utdanning og yrke,
og her kjem nokre eg har funne og som eg meiner er gode:
http://www.studievalg.no/index.php?gohome=1
Det er sikkert mange andre gode sider, og dersom DU kjem over ei som du meiner eg bør kjenne til, så kom og sei fra !!
Alle lærestedene har også gode heimesider, og der finn du informasjon om det meste.
Søknadsfristar:
Du som skal søke deg inn i vidaregåande skule, opp eit nivå eller søke på læreplass,
har følgjande fristar:
1. februar – særskilt søkar
1. mars – ordinær søkar
Eg vil i nærmast framtid kome rundt i dei aktuelle klassane og dele ut
informasjon og passord/ brukarID. Alle vil få hjelp til å søke på Vigo.
Du som skal søke til høgskule eller universitet har følgjande fristar:
1. mars – søkar som treng spesiell vurdering
15. april – ordinær søkar
Når eg er ferdig med søkarane på vidaregåandenivå, vil eg arbeide med dei
som skal inn på høgskular og universitet. Desse vil få særskilt informasjon og
individuelle samtalar.
ER DET NOKO DU LURAR PÅ I SAMBAND MED YRKE OG UTDANNING, ER DET BERRE Å TA KONTAKT.
- Odd Ragnar Svendsen, rådgjevar.-


