/ Forsiden / Siste nytt / Viktig melding om stipend/lån
Når du seinare skal logge deg inn på Dine sider treng du berre å hugse passordet ditt, så får du ein eingongskode på SMS eller e-post.
For å logge inn på Dine sider med MinID, må du altså registrere deg som brukar av MinID først. Dette gjeld sjølv om du allereie er kunde i Lånekassen og har brukt Dine sider tidlegare.
Er du ikkje kunde i Lånekassen frå før, vil det ikkje ligge opplysningar om deg på Dine sider, og du har difor ikkje tilgang. Først når Lånekassen mottek ein søknad frå deg om stipend og lån, vil du kunne logge deg inn på Dine sider.
Det er ikkje nødvendig å gå via Dine sider for å søkje om stipend og lån i Lånekassen, men du må ha registrert deg som brukar av MinID før du kan søkje. Du vil kunne gå direkte inn på søknaden frå forsida på www.lanekassen.no og logge deg inn med MinID.
Hvis du ikkje har fått kodebrevet i posten, eller har mista kodane, er det viktig at du melder frå til Skatteetaten på 800 80 000 eller til MinID sin brukarstøtte på 800 30 300. Du får nye kodar tilsendt i posten.
Har du problem med felles innlogging på Min ID, kontakt MinID si brukarstøtte.
Du kan ikkje ringe Lånekassen for å få vite kodane for MinID. Lånekassen har ikkje tilgang til kodane dine, og kan heller ikkje sende deg nye kodar i posten.
NB! Vi oppfordrar deg til å registrere deg som brukar av MinID før førsteinntaket i sommar. Da kan du enkelt søkje om stipend/lån samtidig som du takkar ja til skoleplass. Da får du pengane du har krav på rett etter skolestarten i haust. Ventar du til skolen startar, så må du også vere klar over at pengane kjem seint.


