MØRE OG ROMSDAL FYLKE

VGO

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Herunder vold, rasisme og diskriminering

Bakgrunn:

Opplæringslova §1-2 :

Opplæringslova §9a –1 slår fast:

Opplæringslova § 9a-3 som omhandlar det psykososiale miljøet, seier at skolen aktivt og systematisk skal arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte elev kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør.

Opplæringslova legg sterke føringar og gjer skoleleiinga ansvarleg når det gjeld å ha klare tiltak mot mobbing, vald og rasisme.

Lova peikar på at dette arbeidet skal foregå kontinuerlig og kvalitetssikrast jamt.

Sjølv om lova er klar på alle sitt ansvar i skolesamfunnet, vil skoleeigar med følgjande plan vise korleis ein vil følgje opp skolane i arbeidet for å sikre eit trygt skolemiljø for alle.

Handlingsplan:

  1. Gjere planen kjent på Møre og Romsdal fylke si heimeside.
  2. Presentere fylket sin handlingsplan for skolane si leiing, både skriftleg, og som presentasjon på samlingar med leiarane ( leiarsamling, rektormøte)
  3. Sørge for at det finnest ein handlingsplan for å følgje opp § 9a i opplæringslova ved alle vidaregåande skolar i fylket, og at denne blir gjort tilgjengeleg på skolane sine heimesider.
  4. Kvalitetssikre at tiltak mot mobbing, rasisme og diskriminering er å finne att i skolen sitt ordensreglement.
  5. Skolering av kontaktlærarane er eit av tiltaka i Fylket si mål og tiltaksplan. I denne skoleringa skal oppfølginga av §9a vere eit tema.
  6. Både elevundersøkinga og personalundersøkinga er obligatorisk for alle elevar og personalet i dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal kvart år. Resultata frå denne skal innarbeidast i årlig kvalitets- og resultatsak for utdanningsutval og fylkesting.
  7. Møre og Romsdal har eit eige elev- og lærlingombod som gjennomfører besøk på alle dei vidaregåande skolane.
  8. Elevane skal få informasjon om at dei sjølve og deira føresette kan kontakte elevombodet i situasjonar som omhandlar deira fysiske- og psykososiale skolemiljø.
  9. Utdanningsavdelinga og elev- og lærlingombodet samarbeider kvar haust om ein konferanse for elevrådsleiarar for alle dei vidaregåande skolane. §9a i opplæringslova er eit av tema som kvart år skal stå på dagsorden på denne konferansen.
  10. Kvalitetssikre at skolane har sine eigne rutinar for handtering av brot på §9a-3 med bakgrunn i lova med forskrifter og merknader, samt vegleiar frå utdannings- og forskningsdepartementet : UDF april 2003.
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.