Fredag 29.april markerte vi at to av våre tilsette har jobba på Surnadal vidaregåande skole i 25 år!
Aud Holten og Ellen Krangnes er begge reinhaldarar, og har altså vore tilsett ved skolen i heile 25 år. Det vart markert med kake, kaffe og gåve i matfri. Vi takkar damene for innsatsen så langt!