Avgangselevane 2011

Publisert 21. juni 2011 11:10:13 av Mari Vattøy
Her er bilde av avgangselevane og kontaktlærarar som var til stades siste skoledag. Vi takkar for fine år, og ønskjer dei lykke til vidare i livet!
Vil du ha bildet tilsendt? Send Mari ein epost mari.vattoy@mrfylke.no

Siste skoledagen før sommarferien har det vorte tradisjon at skolen spanderer frukost på alle elevane. Rektor takkar for tida som har gått og ønskjer lykke til vidare, og kontaktlærarane deler ut standpunktkarakterane . P.g.a. kantinekapasiteten blir dette gjort puljevis. Først Vg1-elevane, deretter Vg2-elevane og til sist VG3-elevane.

Føre eller etter frukosten hyggar elevane og kontaktlæraren seg klassevis før sommarferien tek til.

Dette er Vg3-elevane våre skoleåret 2010/2011. Om eit par dagar får dei vitnemåla sine. Til hausten dreg mange av dei ut for å studere vidare. Forhåpentlegvis kjem dei att til heimbygda etter endt utdanning, og vi håpar også at nokon av dei kan bli gode kollegaer av oss som jobbar på Surnadal vgs ein gong i framtida.

Dette er Vg2-elevane på yrkesfag (Vg2-elevane på studiespesialisering fekk ikkje vera med på bildet, for dei ser vi att til hausten). Nokre av desse elevane kjem att for å ta Vg3 påbygging skoleåret 2011/2012. Dei andre skal no ut i lære og bli gode fagarbeidarar i forskjellige yrker, og dei har difor enno 2 år att før dei er ferdig med vidaregåande opplæring.

Vg2-elevane på yrkesfag har alle fått seg Komptetansebevis og dokumentasjon for kva dei har gjort på faget Prosjekt til fordjuping for dei 2 åra dei har gjort seg ferdige med. Etter Vg3 påbygging eller læreplass, får desse elevane også utdelt vitnemål.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.