BOKLISTER 2007/2008

Publisert 18. juli 2007 22:40:51 av Mari Vattøy
Alle Vg1-elevar skal ha berbar PC skoleåret 2007/2008. Dette er vedteke av fylkestinget i Møre og Romsdal. For at Vg1-elevane skal kunne skaffe seg ein berbar PC, vil dei i slutten av september få eit PC-stipend.

Vg2-elevane kjem inn under ordninga med gratis læremiddel frå skoleåret 2007/2008. Dette er eit sentralt vedtak som gjeld heile landet. Elevane får eit stipend som skal dekkje læremiddelkostnadane. Stipendet blir utbetalt i slutten av september. Vg2-elevane som går på utdanningsprogram for studiespesialisering, skal bruke dei samme PC-ane som dei hadde siste skoleår.

VKII-elevane kjøper bøker i følgje boklista som før.

I margen til venstre under overskrifta boklister, finn du meir informasjon om læremiddel og PC-ordning.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.