Flott innsats på Operasjon Dagsverk

Publisert 29. oktober 2010 10:35:35 av Mari Vattøy
Torsdag 28.oktober arbeidet elevane på Surnadal vidaregåande skole for solidaritetsaksjonen Operasjon Dagsverk.

OD-aksjonen 2010 skal gå til ungdom i slumstrøk i seks brasilianske storbyer. OD-aksjonen vil bidra til at ungdommen får utdanning og eit verdig liv utanfor slummen.

Elevane våre var ute i arbeid, og kom tilbake med minst 300,- kvar. Eit svært positivt næringsliv tok imot elevane, så alle som ville fekk arbeide for aksjonen.

På Surnadal vidaregåande skole var det berre ni elevar som valte å ikkje delta i solidaritetsaksjonen.

På Domus Surnadal satt to gutar å solgte "bakels" til inntekt for OD. Med slagordet "bruk hodet, støtt OD" fekk gutane inn mykje meir enn minstekravet på 300,- Da vi tok bilete av gutane hadde dei besøk av lærar Tanya, som sjølvagt støtta aksjonen. Flott innsats, Olav og Helge!
Litt lengre inn i butikken traff vi to gutar som arbeidet på lageret for anledningen. Flott å sjå slik fin innsats for solidaritetsaksjonen, Sindre og Erlend!

Takk til alle som tok imot våre elevar, og takk til elevane for godt arbeid under Operasjon Dagsverk 2010.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.