Forskarinnrykk

Publisert 22. april 2010 10:19:42 av Mari Vattøy
Onsdag 21. april hadde Surnadal vidaregåande skole besøk av ein flokk språkforskarar frå nordiske universitet.

Dei 12 forskarane var ute på feltarbeid i samband med ein større studie der heile Norden blir sett på som eitt dialektområde, og ein av stoppestadane på ruta var Surnadal.
Kvelden før hadde dei snakka med eldre informantar ved Vårsøg hotell, og så var det altså dei unge sin tur. Forskarane var interessert i fleire språklege trekk, men det var grammatikk, og ikkje minst bruk av dativ, som opptok dei fleste av dei.
Elevane i 3ST2 stilte som intervjuobjekt, saman med eit par elevar frå andre klassar. Det var mange spørsmål å svara på, og nyansane var små mellom svaralternativa, så dette vart skikkeleg hjernetrim!

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.