Fylkesmessa for Ungdomsbedrifter

Publisert 31. mars 2011 10:18:11 av Mari Vattøy
Ungdomsbedriftene i Møre og Romsdal har brukt sine eigne idear til å utvikle bedriftene som dei viste fram på Fylkesmessa i Molde 24.mars. Publikum fekk sjå eit stort spekter av tenester og produkt.

Surnadal vidaregåande skole deltok med to bedrifter: Metaduty (Vg1 teknikk- og industriell produksjon) og Sponsprut (Vg2 industriteknologi). Begge bedriftane tilbyr tenester innan mekanisk arbeid. Bedriftene hadde eigen stand der dei fekk presenterte seg for publikum. 

UB-koordinator Per Egil Fiske er godt fornøgd med opplegget:

- Dette er ein veldig god erfaring for elevane. Dei må ta stort ansvar, og møter mange nye utfordringar. I løpet av skoleåret utfører dei tenester for lokalt næringsliv, deltek på kurs om kundebehandling, og får på den måten nyttig praksis. Elevane trivst godt med slikt arbeid. I tillegg er det sosialt, og elevane blir ein sammensveisa gjeng, sier Fiske. 

40 jurymedlemmar frå lokalt arbeids- og næringsliv dømte konkurransane og avgjorde kven som hadde den beste logo, brosjyre, forretningsplan, gastronomiprodukt, utstilling, osv. Juryen var imponerte over det elevane hadde fått til. Det vart ingen premier på bedriftene til Surnadal vidaregåande skole denne gongen, men ingen sure miner av den grunn! 

Frå Surnadal vidaregåande skole deltok desse elevane: Sindre Sæterbø, Eirik Stolsmo, Jon Inge Ørsal, Tommy Røkkum, Harald Ranheim, Arthur Bjørdal Snekvik, Frode Sæterbø, Gerhard Sæterbø, Steffen Jacobsen og Lars Erik Norli.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.