Glade vinnarar av påskequizen

Publisert 15. april 2011 13:46:28 av Mari Vattøy
Synne Dalsegg Johnsen, Lina Vatten og Oda Hamnes vart trekt ut som vinnarar av skolebibliotekets påskequiz.

Det kom inn mange svar i konkurransen, men kun tre elevar fekk premie. Synne Dalsegg Johnsen og Oda Hamnes vant kvart sitt flotte påskeegg med mykje godt innhald. Lina Vatten fekk trøstepremie, som var ein pose med smågodt. Vi gratulerer vinnarane, og ønskjer alle våre elevar og tilsette ei riktig god påske!

Her er fasiten:
Det engelske ordet for påske er "Easter".
Adressa til heimesida vår er www.surnadal.vgs.no
Dei to damene som arbeider i kantina heiter Bente Johanne Heggset og Aslaug Gjengstø.
Langfredag er 22.april.
I tillegg skulle elevane nemne tre titlar på DVDar vi har i biblioteket.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.