Ein Dignity Day består av eit totimers skoleopplegg. Målet er å utstyre ungdom med verktøy for å kunne bruke verdigheit som det styrande prinsipp for sine handlingar – og erkjenne betydninga av korleis det å leve eit verdig liv, kan påvirke både eiget og andres liv på ein positiv måte. Kronprins Haakon er ein sentral aktør i prosjektet. Sjå helsing frå Kronprinsen her.
Elevane på Surnadal vidaregåande skole fekk først ei innføring i kva som ligg i begrepet "verdigheit" av MOT-represantantane Lars Olav Valsø, Webjørn Holten og Lars Sæther, og av skolens koordinator Liv Marit Berset. Deretter diskuterte elevane klassevis kva som ligg i begrepet "verdigheit". Dagen vart avslutta i kantina, det elevane fortalte sine historier for kvarandre.