Informasjon til elevar på studiespesialisering

Publisert 14. september 2009 14:12:12 av Mari Vattøy
Du som har byrja på vg1 studiespesialisering, skal alt i vg1 foreta ein del val, t.d.val av matematikkvariant og programfag. Dei vala som du gjer, kan ha betydning når du skal søke vidare på høgskolar og universitet.

Mange elevar er usikre på kva dei skal velje. Rådgjevar Odd Ragnar Svendsen har skreve opp nokre nettsider der det er lagt ut informasjon som kan gje grunnlag for eit tryggare val.

I tillegg til denne informasjonen, er sjølvsagt alle elevar velkomne til rådgjevarkontoret får å få ytterlegere informasjon. Han har ikkje noko fast kontortid, men er tilgjengeleg heile tida dersom han ikkje har undervisning.
Denne informasjonen vil ligge under fanen "elevtenester - vegen vidare" i venstre marg på skolens nettside. Les informasjon frå rådgjevar her.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.