Informasjonsmøte for føresette til vg2-elevane

Publisert 23. september 2011 11:03:48 av Anders Talgø
Måndag 26.september kl.19:30 inviterer skolen til informasjonsmøte for føresette til vg2-elevane.

Frå skolen møter leiinga, rådgjevar og kontaktlærarar.

Plenum i kantina:

1. Informasjon om skolen

2. Heimesida vår: www.surnadal.vgs.no

3. Foreldresamarbeid i

  - Opplæringslova

  - Forskrift / vurdering

  - Skolereglementet

4. Skolearena

   - Tilgang for foreldre/føresette:    www.skolearena.no/iea

5. Rådgjevingstenesta

   - Fagopplæring

   - Indre Nordmøre Opplæringskontor

6. Skolehelsetenesta

Etter at møtet i kantina er ferdig, blir det gruppevis informasjon om dei ulike utdanningsprogramma.

Kontaklærarane og avdelingsleiarane tek seg av dette.

Før denne siste oppdelinga av forsamlinga vil vi samle alle som skal få orientering om yrkesfag til ei felles informasjonsøkt om Indre Nordmøre Opplæringskontor ved Gøril Bakken.

Det blir servert kaffe og noko å bite i.

VEL MØTT!

Aktuelle linkar:

Opplæringslova

Forskrift til opplæringslova

Rundskriv Udir 1-2010 om individuell vurdering

Rundskriv Udir 7-2010 om foreldresamarbeid

Skoleregelement (felles for alle vidaregåande skolar i Møre og Romsdal)

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.