Internasjonal dag og Operasjon Dagsverk

Publisert 24. oktober 2007 14:42:21 av Mari Vattøy
Torsdag 25.oktober arrangeres årets Internasjonal dag. Tema for dagen er "Skal vi handle?" Fredag 26.oktober arbeider elevane for at ungdom i Nicaragua, Honduras og Guatemala skal få ei betre framtid.

Elevane ved Surnadal vidaregåande skole skal i løpet av Internasjonal dag 2007 få eit innblikk i korleis måten vi lever på får konsekvenser for ungdom i andre verdsdelar. Målet med "Skal vi handle" er å få tilhøyrarane til å bli litt meir bevisst på den måten vi brukar ressursane og pengane våre på, samt stille nokre kritiske spørsmål om vår levemåte. I løpet av dagen skal elevane sjå forestillinga "Skal vi handle" på NoFo, sjå filmen "Med rett til framtid" på Surnadal vidaregåande skole og høyre Gerd Bondhus sitt foredrag om dagens tema på NoFo.
Operasjon Dagsverk arrangeres fredag 26.oktober. Årets OD støtter utdanningsprosjekter i Nicaragua, Honduras og Guatemala. Elevane jobber for ungdom sin rett til betre liv, og rett til ein betre framtid. Eit dagsverk gir 300 kroner til prosjektet.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.