Julebrus i kantina

Publisert 06. november 2007 13:38:55 av Mari Vattøy
Det er komme spørsmål frå elevrådet om å få kjøpe julebrus i kantina.
Det har ikkje vore salg av julebrus de siste åra pga. at den er på glassflasker og salget medførte mykje flaskeknusing og glasbrot på uteområdet.

Men vi gjer eit nytt forsøk i år. Kantina kan selge julebrus i tida 1. - 21.12.07.

Tomflasker skal plasserast i bruskasser i kantina eller på golvet ved sida av søppelbøttene.

Jfr. skrivet om tiltak for miljøet i miljøfyrtårnreglane og §23 i skolereglementet.

Flaskeknusing og brot på desse reglane vil føre til at salget blir stansa, så ta godt vare på denne sjansen.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.